Herøy-fiskar fortvilar: Garna fulle av pigghå

Pigghå er ein raudlista art, men bestanden ser ut til å vere aukande. Det skaper problem for fiskarar, som stadig får fleire pigghå i garna sine. Nyleg fekk ein herøyfiskar over 800 kilo på 20 garn.

Freda: Pigghåen er ein raudlista haiart som stadig går i fiskegarna.  Foto: Øystein Paulsen / Havforskningsinstituttet

Nyhende

– Få den ut av raudlista og la oss få hauste av den så vi får drrive fiske vidare og ikkje bli sendt til lands igjen med garna våre, seier kystfiskar Atle Geir Teige på Sunnmøre til Fiskeribladet.