Bygginga av Sande sitt første hotell skrir fram

«Skjelettet» til det som vert Rosenlund Hamn sitt hotell på Sandshamn er i store trekk på plass.

Rosenlund: Her kjem nyehotellet som er planlagt med 14 rom. I tillegg har Rosenlund Hamn fleire rom i husa nede mot båthamna.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Sande kommune har nyleg gitt eit nytt løyve i prosessen fram mot ferdiggjering. Denne gongen gjeld det igangsetting av montering av berande stålkonstruksjonar. I tillegg er det gitt løyve til prefabrikkerte betongelement.