Kystlaget sine aktivitetar vert attraksjon - store planar

Om alt går vegen håper Herøy kystlag å kunne invitere turistar til både kafébesøk og kysthistorisk påfyll på «Slippen» neste sommar.

Eldsjeler: Peder Pettersen og Sveinung Kopperstad er to representantar i Herøy kystlag som legg ned tallause dugnadstimar for at Slippen snart skal kunne opnast for eit større publikum. Dei to håpar og trur at ei kultursenter med fokus på den meir moderne kysthistoria vil kunne vere eit godt tilskot til reiselivstilbodet i Herøy. Men før det er ein realitet er det enno mykje arbeid som står att, og karane seier dei tek imot all hjelp dei kan få om folk ønskjer å bidra. Går alt etter planen håpar dei å kunne opne Slippen neste sommar.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– Det går framover, sakte men sikkert. Vi ser at dette med formidling av kystkultur veks fram fleire stadar langs kysten vår. Populært er det også. Då er det klart at vi – som sit med det unike grunnlaget vi har – må vere med på trenden. Dette blir veldig bra etter kvart!