Kjartan (98) - ivrig laksefiskar i Åheimselva

I sytti år har Kjartan Oksavik besøkt Åheimselva for å fiske laks. Han mister ikkje nattesomnen av storfisken som glapp av kroken nyleg.

TVI, TVI: Makken vert send i elva nok ein gong, utan at det lukkast å få fangst Men Kjartan Oksavik satsar på nye forsøk seinare, der det kanskje er kome meir pjakk i elva.   Foto: Ole Magne Kvalsvik / Synste Møre

Nyhende

Skredestrandingen, som er godt kjend for folk i området mellom anna for sin medverknad i Frei-operasjonen under andre verdskrig, fortel at han begynte laksefiskarkarrieren sin i elva på Åheim.