Ein god søndag på Herøy

«Me møtest i den frie luft med rømd til alle sider. På denne gamle kyrkjetuft i sus frå farne tider».
Nyhende

Dette skriv Bjarne Rabben i salmen som år etter år innleier den økumeniske gudstenesta på Herøy gamle kyrkjestad, i høve Herøyspelhelga Kongens Ring. Det vart ikkje spel i år, på grunn av covid-19, men det vart ein god dag på sagaøya Herøy søndag 4. juli.

Det heile starta med ei morgonbønsamling i Indre Herøy kyrkje leia av pastor Erhard Hermansen frå Frikyrkja og organist Dag Johan Flattun ved orgelet. Deretter kunne dei som ynskte det, få vere med på ei pilegrimsferd til øya Herøy, enten ved å gå/ vandre eller ved å ro færing inspirert av dei gamle som kom roande til gudsteneste i Herøy gamle kyrkje i 800 år.

Søndag var ein nydeleg dag med blikkstille hav, og utan motvind kunne roarane på dei to færingane bruke god tid på pilegrimsferda. Samtidig som båtane med kyrkjefolk la til ved kaia, kom andre gåande over brua ved Herøy Gard; alle på veg til Herøy gamle kyrkjestad. Ved brua var det registrering av namn og antibac-stasjon. Sjølv om arrangementet var utandørs, er reglane for smittevern framleis gjeldande. Arrangørane hadde difor ekstra godt med mannskap ute.

Arrangørane var representantar for Herøyspelstyret, Herøy kystmuseum, Herøy frikyrkje, Sion – pinserørsla og Den Norske Kyrkje (Leikanger kyrkje, Indre Herøy kyrkje og Herøy kyrkje). Ein representant frå den katolske kyrkja i Ålesund måtte dessverre melde avbod søndag morgon. Når ulike kyrkjesamfunn samarbeider, kallast arrangementet ei økumenisk gudsteneste. Alle kyrkjesamfunna bidrog med ulike innslag i gudstenesta, både born og vaksne.

Gudstenesta starta med at dei medverkande kom gåande i prosesjon medan Kvartetten sørga for nydeleg tonefølgje. Styreleiar i Herøyspelet, Linn Therese Sævik, heldt ei innleiing om Herøyspelet , med vekt på at det skulle ha vore 30-årsmarkering i år.

Den fine, vindstille sommardagen vart ekstra framheva då den store forsamlinga stemde i med Bjarne Rabben sin salme: «Me møtest i den frie luft» Erhard Hermansen ønskte forsamlinga velkomen med nådehelsinga og samlingsbøn, og lyste velsigninga til slutt. Oddveig Frekøy Skeide representerte Sion – pinserørsla, og leste ei bibeltekst saman med klokkar Ingrid Warholm.

Solfrid Leinebø Seljås er for tida fungerande sokneprest i Herøy. Ho heldt preika for dagen, og uttrykte glede over å få gjere det. Søndag var det markering av Aposteldagen, ein spesiell dag i kyrkjeåret, og Leinebø Seljås trekte linene frå preiketeksta ( Matteus 16) om korleis bodskapen frå dei fyrste apostlane spreidde seg gjennom hundreåra, heilt til den nådde oss her opp i nord. Ho snakka om kristningstida i Noreg som ei brytingstid, men som også førte med seg bygging av dei første kyrkjene.

Så kom ho inn på den gamle steinkyrkja på Herøy som vart reist ca. 1150 og som vart ei av fire hovudkyrkjer på Sunnmøre. Kyrkja dekte eit stort omland. Heilt frå Hareid, Rovde, Eiksund og Runde kom dei roande til Herøy gamle kyrkje i sorg og i glede gjennom mange hundre år.,

Solfrid Leinebø Seljås trekte også fram det fyrste Herøystemnet i nyare tid ( 1976). Ho var sjølv til stades og hadde glede av å bli mint på dette ved å sjå bildet på baksida av Vestlandsnytt frå 2. juli.. Ho fortalde at ho som barn og ungdom ofte var med far sin, Hallvard Leinebø, inn på Herøy den tida han var leiar for Herøy sogelag, og slik fekk ho eit personleg forhold til denne segnomspunne øya.

Ho avslutta preika med å spørje kva desse gamle bibeltekstene kan seie oss i dag, og oppmoda folk til sjølve å lese bibeltekstane for søndagen. Elias Blix sin «Fagert er landet» sette punktum for gudstenesta.

I det fine vêret var det mange som vart verande på tunet på Herøy Gard etter gudstenesta for rjomegraut og vaflar og ein god prat.