Stempelkort-lotteri lokka folk til lokalhandel:

– Viktig å støtte dei lokale

Fosnavåg handelsforeining kan sjå tilbake på ein vellukka inngang til sommarferien med nok eit vellukka stempelkort-lotteri.

Vellukka: Denne gjengen vitnar om eit vellukka stempelkort-lotteri i Fosnavåg, med mykje lokal handel den siste månaden. F.v. Maria Sporstøl Leine, Vivian Håkonsholm, Per Ronald Knutsen, Nina Helen Remøy, Lasse Myrhol, Cecilie Sporsheim og Jannicke Vedvik.  Foto: Bjørnar Torvholm

Nyhende

Sidan starten av juni har dei hatt gåande eit lite lotteri der kundar har kvalifisert seg for deltaking ved å samle stempeltrykk gjennom lokalhandel i Fosnavåg. Det same hadde dei under fjorårets julehandel, og likeins med erfaringane då har sommarens utgåve vore populær, fortel Vivian Håkonsholm i Fosnavåg handelsforeining.