– Eit resultat vi kan vere stolte av!

Sande-ordføraren er godt nøgd med oppslutnaden i undersøkinga mellom innbyggarane.

Olav Myklebust: Sp-ordføraren er glad for relativt bra svarprosent i undersøkinga.  Foto: Arkiv

Nyhende

– Undersøkinga er no avslutta, og det er nesten 800 som har svara på heile undersøkinga. I tillegg har vi delsvar frå kring 300, samanfattar ordførar Olav Myklebust, som seier seg svært godt nøgd med oppslutnaden.