Larsnes Mek.-sjef Gunnarstein om 2020: – Eit heilt fantastisk år

Med eit resultat før skatt på 36,9 millionar kroner sette Larsnes Mek. Verksted ny solid rekord i 2020.

STRÅLANDE – Eit fantastisk år, seier dagleg leiar Jarle Gunnarstein som ikkje har opplevd slike tal som i fjor på dei 40 åra han har vore ein del av Larsnes Mek. Verksted.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Om ikkje det var for pandemien så hadde vi sikkert gjort det enda litt betre.

Jarle Gunnarstein
Nyhende

Trass i om lag 38 millionar kroner mindre på inntektssida enn året før, greidde Larsnes-verftet å meir enn tidoble driftsresultatet frå 2019 til 2020.