Endå meir omsetting – vann for tredje gong:

Kåra til årets Coop Marked-butikk

Gjengen i Coop-Marked Sandsøy – indirekte også kundane – har fått prisen som «årets butikk» av Coop Nordvest.

Coop Sandsøy-tilsette: Bak f.v. styrar Anna Kirsti Skare, Laila Voksøy Bringsvor og Anna Skare Longva. Sitjande framme f.v. Maritess Camello og Svetlana Megerjan. 

Nyhende

– Det stemmer at dei har fått pris før, men det er ikkje til hinder for å bli heidra igjen. Dei opererer saman med meir enn femti andre Marked-butikkar frå Trøndelag i nord til Sognefjorden i sør. Så dette er ei fin fjør i hatten for Anna Kirsti og butikken.