Forbausa over skroting av miljøordning i fiskeria

Miljødirektoratet føreslår å fase ut ordninga som gjer at fiskebåtar avgiftsfritt kan levere avfall dei tek opp frå sjøen. Det forundrar fiskebåtreiar Olav Remøy i Remøy Havfiske.

Forundra: Olav Remøy meiner det blir eit tilbakesteg å skrote Fishing for litter-prosjektet etter relativt få år med drift. Han meiner gratis levering av andre sitt avfall er naudsynt om ein skal få med seg flest mogleg på ryddedugnaden.  Foto: Arkiv

Nyhende

«Fishing for Litter» er eit prosjekt som har ført til at store mengder havsøppel dei siste åra har blitt samla inn langs norskekysten. Får fiskarar plastbos eller anna marin forsøpling som «bifangst» i trålposen eller garnet, har dei fått levere det inn gratis som del av ein felles ryddedugnad. 101 båtar og 11 hamnemottak i landet var ved inngangen av året tilknytt ordninga. I løpet av 2020 landa dei 208 tonn avfall. Av det innsamla kvantumet i fjor gjekk 55 tonn til resirkulering.