Meir «covid-pengar» fordelt til bedrifter i Sande

Kommunedirektøren i Sande har gjennom delegert vedtak fordelt siste runde statlege midlar i den såkalla kompensasjonsordninga.

Orientering: Kommunalleiar Oddbjørn Indregård orienterer her kommunestyret om kompensasjonsordningane på møtet som vart halde 15. juni. Ny tildelingsrunde vert lyst ut etter ferien.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Det var 12 søkjarar, og 10 av dei fekk kvar sin bit av dei vel 600.000 kronene som tilfall næringslivet i denne omgang. Ordninga skal treffe bedrifter som er særleg hardt råka av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.