Vil hente pengar i aksjemarknaden:

Havila Kystruten søker notering på Oslo Børs

Havila Kystruten vil no hente eigenkapital for å finansiere oppstart og drift av sine fire nye kystruter.

  Foto: Havila Kystruten

Nyhende

Havila Kystruten opplyser tysdag at dei har starta privat plassering av 450–500 million kroner i ny eigenkapital til selskapet. Pengane skal sikre selskapet tilstrekkeleg likviditet til førebuingar, leveranse og drift av selskapet sine fire nye kystruteskip – etter kvart som dei vert levert frå Tersan-verftet i Tyrkia, heiter det i ei pressemelding.