Har fått større ombyggingsoppdrag

Ei større ferjeombygging sikrar ein mjuk overgang frå nybyggings- til ombyggingsverft for Havyard Leirvik.

KONTRAKT: Karsten Sævik t.h. saman med f.v. prosjektleiar Fritz Bogen og fungerande leiar for nybygg i Fjord1, Svein Olav Senneset. 

Nyhende

Havyard Leirvik har fått oppdraget med å bygge Fjord1-ferja Lote om til batteridrift. Oppdraget startar opp i november, eller samtidig med at verftet leverer det siste av dei attståande nybygga før overgangen til reparasjons- og ombyggingsverft.