«Gledesdagen» under strålande sol

Dei er vande med å ta skeia i eigne hender, gjengen i Herøy Produksjon. Så dei lagar seg underhaldning sjølve.

Stolt gjeng: Vart kåra til årets sommarbutikk i Fosnavåg, og fekk sjekk frå Sparebank1 Søre Sunnmøre. Frå venstre ser vi Geir Roger Tjervåg, Eskil Remøy, Arne – Helge Storeide, Per Ivar Kleppestrand, Synnøve Kvalsvik, Thomas Kvalsvik, Sigbjørn Myrset, Frode Haugsveit, Petter Agersborg, Evelina Nikolaeva, Therese Gjerde, Per Helge Wener, Ann-Iren Remøy. Foto: Endre Vorren  Foto: Endre Vorren

Nyhende

På grunn av pandemien er det lite reising og større arrangement gjengen i Herøy Produksjon har fått ta del i siste halvanna året. Ikkje minst har dei sakna den årlege Monsiaden, kjempearrangementet på Eidså, som årleg samlar hundrevis av utøvarar frå heile regionen.