Marit Lyster er vinnar av frivilligprisen 2020

Ordførar Bjørn Prytz, Britt Paulsen, Sigurd Nygård og Fred Hansen overraska Marit Lyster med kake, tale og prisen som årets frivillige for 2020.

FRIVILLIGPRISEN: Prisvinnar Marit Lyster saman med f.v. Sigurd Nygard, ordførar Bjørn Prytz, Brit Paulsen og Fred Hansen. Foto: Tomas Teeige Sporsheim 

Nyhende

- Du, Marit, er et ja-.menneske, alltid klar til å hjelpe dersom nokon treng det, opna ordføraren talen til prisvinnaren, og heldt fram:

Det vil ta kortare tid å nemne det du ikkje har vore med på enn å ramse opp alt du har vore med på av frivillig arbeid i lokalsamfunnet. Du har vore med i Herøy turlag i minst 20 år, både som deltakar og turleiar. Sist helg var du nesten heilt opp på Fingeren i Standal. Herøy turlag går turar kvar helg i sesongen, og du er med på dei fleste av desse turane.

I LHL har du vore med i styret i 13 år. Her legg du til rette for turane deira med å gå turen på førehand, rydde stiar og sørge for at her er greitt å gå for alle. Sigmund Nymark seier at du har ein utrulig god kondis, og at du brukar å ha deg ein oppvarmingsrunde på Bakkhammaren før turen med LHL.

I lag med Sigrunn Voldsund tok du over seniordansen i Myrvåg, der de trenar ein gong i veka, og stiller på opptreden og til underhaldning når det er noko som skjer.

I velforeininga på Myrvåg omsorgssenter har du vore med heilt frå starten for over 30 år sidan, då faren budde på sjukeheimen. Leif Tjervåg seier at du er eit overskotssmenneske, alltid glad og fornøgd, positiv, støttande og har eit smittande engasjement.

Til kvart arrangement i velforeininga, stiller du med dine nydelige lefser og søst. Er du ute og reiser og ikkje kan stille sjølv, sørger du for å få det bringa ut til hyggestundene.

Leiar i velforeininga seier at han unner deg denne prisen og at du verkeleg fortener det.

Du er også ein svært aktiv trenar på «sterk og stødig»-tilbodet. Eg har vore så heldig å få samarbeide med deg her. Du tok initiativ til og fekk starta opp Sterk- og stødig-tilbodet på Leikong. Ikkje nok med det- stort sett kvar onsdag stiller du på Myrvåg sjukeheim ilag med Indre Herøy pensjonistlag for å vere med på å synge ilag og gjere det hyggelig for bebuarane på sjukeheimen.

Vener og familie fortel at Marit ofte er observert ute på fjell og i fjøre, med og utan ski på føtene, eller på sykkel. Du ryddar stiar og ordnar til slik at det skal vere fint for andre å gå tur. Du lagar vandrestavar med inngravert tekst til turevener over heile verda.

Du produserer dei nydeligaste lefsene, som vener og familie får nyte godt av til kaffien. Du kan godt brukast til «selskapsdame» for kjekke, kreative barnebarn og oldebarn, og stussar ikkje på å vere med på leiken.

Kjære Marit, for meg er det ei stor ære og ikkje minst ei stor glede å få overrekke deg Herøy kommune sin frivilligpris for 2020. Eg kan med handa på hjartet seie at sjeldan har denne prisen vore meir fortent. I tillegg til heider og ære, får du eit diplom laga av Svein Olav Hatlen og ein gåvesjekk frå Møretygd på 5000,- som du for ein gongs skuld kan bruke på deg sjølv.

Gratulerer så mykje med prisen, Marit. Eg ser fram til å samarbeide med deg når verda og livet igjen vert litt meir normalt.

På vegner av Herøy kommune og dei mange du har hjulpe og gleda, seier eg berre: Tusen takk for innsatsen så langt, og lukke til vidare!


Prisdryss i Fosnavåg konserthus

Det har "hopa seg opp" med gjeve prisar under koronapandemien. Laurdag vart dei omsider delte ut under årets UKM-arrangement på Fosnavåg konserthus.