Smitte i Herøy

Ein person som oppheld seg i Herøy i samband med feriereise har testa positivt på Covid-19.

Korona Covid-19 

Nyhende

Det skriv Herøy kommune på sine heimesider.

Testen vart utført i går då personen vart definert som nærkontakt ved utbrot annan stad i Norge. Det er gjennomført smittesporing i Herøy, og ein person er sett i smittekarantene. Det vert gjennomført smittesporingstesting av 6 personar i morgon. Fem av disse personane er fullvaksinerte, og vert såleis ikkje sett i smittekarantene. Dei vert bedne om å avgrense kontakt med andre til det ligg føre svar på testen, opplyser kommuneoverlegen.


Nytt koronatilfelle i Herøy

Søndag 27. juni melder Herøy kommune om eit nytt koronatilfelle. Det er lenge sidan sist..



Vaksinemaratonen bak kulissane

Torsdag gjekk den største vaksinemaratonen så langt i Herøy av stabelen. Vi var «fluge på veggen».