Sommarcampen i Herøy:

– Høgdepunktet var RIB

Fleire av ungdommane på Sommarcampen i Herøy er positivt overraska over kor gøy dei har hatt det dei siste to vekene.

Ak­tiv gjeng: 20 ung­dom­mar frå hei­le Her­øy del­tok på Her­øy som­mar­camp den­ne og før­re veke. Her ser vi dei fles­te av dei, sam­an med leiar for «som­mar­camp-grup­pa», Ka­ro­li­ne Vels­vik Sivertsen (med so­nen Leo på ar­men) og no­kre til­set­te inst­ruk­tø­rar. Dei fles­te av dei er lo­ka­le læ­rar­stu­den­tar på som­mar­jobb. Foto: Jo­se­fi­ne Spi­ro  Foto: Josefine Spiro

Nyhende

– Eg trudde eigentleg ikkje at det kom til å bli noko gøy på sommarleir. Eg vart berre med fordi nokon sa at eg måtte.

Men Frida Storøy Hauge, som skal byrje i 10. klasse på Møre barne- og ungdomsskule til hausten, kunne ikkje ha teke meir feil.

– Det viste seg å vere moro likevel. Det artigaste var å vere på RIB-tur, synest Frida.

Då Vestlandsnytt kjem innom Herøyhallen fredag, der ungdomsgjengen akkurat har spela ein bumperball-kamp, er den første av to veker med Herøy sommarcamp snart ved vegs ende. Programmet har vore rimeleg tett. På fem dagar har dei 20 ungdommane delteke på ein heil haug med aktivitetar, som kajakkpadling, bading på Sunnmørsbadet, ballspel, fjellturar, «privatkino» på kulturhuset, matlaging og piknik, for å nemne noko.

Bumperball: Fre­dag, et­ter RIB-tur og lunsj, var det bumperball-kamp i He­røy­hal­len.  Foto: Jo­se­fi­ne Spi­ro

– Det er flott å vere med på noko som dette

Sommarferien har nettopp teke til. For elleve 9.- og 10.-klassingar står padling på menyen i dag. Vi møter dei utanfor naustet til Herøy kajakklubb på Jensholmen.


Variert

Astri Celine Berge, snart 10.-klassing ved Stokksund skule, synest noko av det morosamaste dei har gjort den første veka var å padle kajakk ved Lanternen Marina, der dei fekk rettleiing av Herøy kajakklubb.

– Det var første gong eg prøvde det, seier ho.

Men det var også gøy med leiken «indre klokke» og å bygge tårn av marshmallows og spagetti!

Team­work: Ik­kje alle ak­ti­vi­te­ta­ne er «full fart». Her kon­sent­re­rer ei grup­pe seg om å lage eit tårn av marsh­mal­lows og spa­get­ti.   Foto: Herøy sommarcamp

Sydd saman av eige team

I prosjektgruppa som har hatt ansvar for arrangeringa av sommarcampen finn vi mellom anna leiar Karoline Velsvik Sivertsen og nyutdanna lærarstudent Synne Bakke Almestad. Sistnemnde har hatt ansvaret for å handplukke folk til å styre skuta under Sommarcampen, og har fått tak i om lag ti passande lærarstudentar til å gjere jobben. Nokre av dei har følgt årets 9.- og 10.-klassingar desse vekene, medan fleirtalet mønstrar på når neste pulje – med 7.- og 8.-klassingane – skal ha sommarcamp i august. I den aldersgruppa er der heile 100 påmelde!

– Det er veldig kjekt å ha lærarstudentane frå Volda med på laget, smiler Karoline Sivertsen, som sjølv er med sporadisk ettersom ho eigentleg er ute i mammapermisjon ved vesle Leo (5 md.).

Aktivitetspakkar

Kommunalsjef Sølvi Lillebø Remøy er strålande fornøgd med sommarcampen så langt, og kunne absolutt tenkt seg reprise neste år.

– Men det kostar ein del pengar, så statleg tilskot er avgjerande, seier ho.

Kommunen har fått éin million kroner av staten til å arrangere ei form for sommarskule, som altså resulterte i Herøy sommarcamp.

– Det vi har gjort annleis frå mange andre kommunar er at vi har laga ein aktivitetspakke sydd i hop av studentane, slik at kvar enkelt ungdom får prøve mange forskjellige ting, seier Lillebø Remøy.

RIB: Dom­men er sam­røys­tes mel­lom ung­dom­ma­ne: RIB-tu­ren er høg­de­punk­tet så langt.  Foto: Herøy sommarcamp

Mykje ute

Ungdomar kan ha lett for å sitje innandørs, og gjerne framfor ei skjerm. Med ein ekstra lang sommarferie, på 8–9 veker, kan det bli vel mykje. Difor har sommarcamp-teamet lagt mykje vekt på utandørs og fysisk aktivitet, samtidig som ungdommane får vere sosiale.

Kommunalsjefen er imponert over alt Sommarcamp-teamet har fått til.

– Dei er kreative og gjer ein veldig god jobb, seier ho.

Josefine Spiro