– Målet er å ikkje kvelve

Sommarferien har nettopp teke til. For elleve 9.- og 10.-klassingar står padling på menyen i dag. Vi møter dei utanfor naustet til Herøy kajakklubb på Jensholmen.

Klare for tur: Ungdommane syntest det var gøy å padle kajakk. Mange fekk prøve det for første gong førre veke, under god rettleiing av Christer Nærø og Joakim Eiksund i Herøy kajakklubb.  Foto: Geir Egil Eiksund

Nyhende

– Har de funne dykk kvar dykkar vest? Då kan vi byrje å leite etter kajakkar som passar.

Christer Nærø Torvik frå Herøy kajakklubb står midt på plassen mellom nausta. Saman med Joakim Eiksund held han to kurs for Herøy-ungdommar denne onsdagen, som del av Herøy sommarcamp.

– Finn de ein som passar?

Elevane finn seg ein kajakk kvar. Dei ligg på asfalten mellom nausta. Ikkje alle treff på første forsøk, men i naustet heng det fleire, slik at alle får ein som passar.

– Då kan vi bere dei ned til hamnebassenget, roper Joakim Eiksund, og peikar dei i rett retning.

Finn seg kajakkar: Ungdommane har funne seg kvar sin kajakk. No skal dei snart ut i hamnebassenget.  Foto: Geir Egil Eiksund

Spenning: Ungdommane ber kajakkane ned til hamnebassenget.  Foto: Geir Egil Eiksund

Kajakkane ligg klare: No gjenstår berre nokre siste beskjedar før det er klart for padling.  Foto: Geir Egil Eiksund

Fullt program

Herøy sommarcamp varer i to veker. Denne veka skal elevane som har meldt seg på gjennom fleire ulike aktivitetar. Dei skal mellom anna lage mat, dra på rib-tur og til badeland. Men i dag skal dei teste ferdigheitene sine i kajakk.

Celine Andersen Voldsund skal byrje i 10. klasse ved Ytre Herøy ungdomsskule til hausten. Ho har aldri prøvd å padle tidlegare.

– Eg gler meg, seier ho og ser utover det rolege hamnebassenget.

– Målet må vere å ikkje kvelve, held ho fram.

Nede ved vasskanten hjelper kurshaldarane ein og ein uti. Det er snart Celine sin tur.

Vil ikkje kvelve: Celine Andersen Voldsund er klar for å prøve kajakk for første gong.  Foto: Geir Egil Eiksund

– Flott å vere med på

Det er Herøy kajakklubb som står for organiseringa av denne aktiviteten. Joakim Eiksund fortel at dei er veldig glade for å bidra.

– Det er flott å vere med på noko som dette. Ungdomane får seg nye opplevingar, og kanskje blir nokre av dei bitne av basillen og vil padle meir, seier han.

Klubben bikka nyleg 500 medlemmar, der heile 123 av dei er under 19 år. Det er med andre ord eit veksande padlemiljø i Herøy.

Instruksjon: Christer Nærø Torvik kjem med gode råd og rettleiing til Celine før dei første padletaka. Foto: Geir Egil Eiksund 

Instruktør Joakim Eiksund: Med siste instruksjonar til Anita Voldnes Warnes. 

Første padletur

– Er det din tur? Kom då, seier Joakim og nikkar til Celine.

Dei løftar kajakken saman og ber han ned til vasskorpa.

– Då kan du setje deg godt til rette. Legg knea ut til sidene, slik at du finn balansen. Er du klar?

– Ja, svarar Celine. Ho held padleåra i fast grep med begge hender.

Joakim sender Celine utover. Der ute ventar Christer. Han fortel roleg om kva som er lurt å gjere når ein endeleg er komen ut på vatnet.

Celine Andersen Voldsund: Padlar i hamnebassenget ved Jensholmen.  Foto: Geir Egil Eiksund

Frå fleire skular

Anita Voldnes Warnes er neste. Ho skal byrje i 10. klasse ved Stokksund skule til hausten. Heller ikkje ho har prøvd kajakk tidlegare.

– Det verkar kjekt. Eg er glad for at vi får prøve dette, sjølv om eg er redd for å hamne i sjøen.

Ho ser ut på dei andre ungdommane som allereie er godt i gang med å padle fram og tilbake. Ingen har kvelva.

– Då er det din tur, seier Joakim.

Før dei køyrer same drillen på ny. Også Anita kjem seg ut i bassenget utan problem.

Klar: Anita Voldnes Warnes gler seg til å prøve å padle. 

På veg utover: Anita Voldnes Warnes og Christer Nærø Torvik.  Foto: Geir Egil Eiksund

Grunnkurs

Dei held det gåande med kurs i nokre timar. Målet er at ungdommane skal bli tryggare i vatn.

Frida Storøy Hauge skal byrje i 10. klasse ved Møre barne- og ungdomsskule. Ho har teke seg ei lita pause, liggjande inntil brygga. Det var godt å halde i noko.

– Det var litt skumlare enn eg hadde trudd, seier ho.

Frida Storøy Hauge tek seg ei lita pause inntil bryggekanten.  Foto: Geir Egil EIksund

Ho ser seg over skuldra. Der borte held kurshaldarane på å syne nokre triks.

– Kajakken er litt vinglete. Men eg får det jo til då, seier ho, før ho på ny tek seg ei padlerunde.

Frå avstand er det lett å sjå at dette er noko ungdommane meistrar. Sommarferien er kanskje i gang, men gjennom sommarcampen får ungdommane likevel lært seg nye ting.