Vaksinemaratonen bak kulissane

Torsdag gjekk den største vaksinemaratonen så langt i Herøy av stabelen. Vi var «fluge på veggen».

Full kontroll: Leiande helsesjukepleiar og vaksinasjonskoordinator Kari-Janne Ljones Kulø kontrollerer vaksinane som pleie- og omsorgsleiar Siv Jensen, som også er med i vaksinasjonsteamet, har gjort klare til dagens siste pulje med vaksinemottakarar. – Vi kontrollerer alle operasjonar vi gjer, seier Ljones Kulø.  Foto: Josefine Spiro

Nyhende

Hundre i timen. Omtrent så mange stikk må dei seks vaksinatørane på helsestasjonen på Eggesbønes setje for å nå over dagens 16–17 puljar med Herøy-innbyggarar. Førre veke vaksinerte dei i overkant av 500 personar på to ettermiddagar. Men for å teste kapasiteten og unngå å belaste personalet to kveldar på rad, blir det samleband og maraton i dag: 410 personar på éin ettermiddag.