Historia om ein indre kamp

– Nei, Andreas er ikkje meg – men der er ting som liknar: Han bur i ei lita bygd, går på ein liten skule, bur i ein kristen heim og er veldig glad i fotball.

Geir Egil Eiksund: Vestlandsnytt-journalisten frå Ørsta var 10–12 år gammal då han oppdaga at han var meir interessert i gutar enn i jenter, utan å kunne setje fingeren på akkurat kva som skjedde. Men annleis kjende han seg – og det måtte ingen få vite om. Hadde berre nokon sagt at «alt kom til å gå bra ...». – «Kampen» er ei bok Geir Egil sjølv kunne hatt godt av å lese på barneskulen; ei forteljing som formidlar at det er greitt å vere seg sjølv og at alt vil gå bra.  Foto: Josefine Spiro

Du blir din eigen største fiende. Du har ein konstant indre dialog om at det ikkje kan gå bra – at kanskje folk ikkje vil like deg lenger.

Geir Egil Eiksund
Nyhende

«Eg heller blyantane og arka ut på pulten. Den nyaste teikninga av Viljar legg seg øvst. Klemmen, smilet. Toccataen spelar vidare i bakgrunnen. Altfor mykje å tenkje på.