Skulane i Sande, Herøy og Ulstein med særskilt fokus på lesing:

- Det er viktig at ferien ikkje blir ferie frå lesing også

Skulesekkane er pakka bort, matboksen forhåpentlegvis tømt, og ni veker sommarferie står for døra. Men sjølv om ferie betyr skulefri, så er det ein ting elevane helst ikkje bør ta ferie ifrå - lesing.

Lesekvart: 1. klassingane ved Nerlandsøy skule likar å lese. Alle skal vere med på Sommarles-kampanjen i sommar.  Foto: Geir Egil Eiksund

Nyhende

Elevane på Nerlandsøy skule har allereie rydda romma sine. Det er torsdag før ferien og i morgon er siste skuledag. Det betyr godteri i sekken og turdag. Dei siste åra har skulen hatt eit særskilt fokus på lesing.