Helsepartiet på turnè:

Vil effektivisere, få bort byråkrati og gjere ting smartare

Tysdag var eit av landets yngste parti på turnè på Sunnmøre. Helsepartiet sparka i gang valkampen med stopp i Myrvåg.

Helsepartiet har starta valkampen: F.v.: Nestleiar Lise Askvik, sentralstyremedlem frå Oppland Tanja Kristoffersen, førstekandidat i Møre og Romsdal Nils Olav Moen, tredjekandidat i Møre og Romsdal Jarle Rogne, valkampleiar Kjersti Almåsvold og sentralstyremedlem frå Akershus Anne Beth Molset.   Foto: Geir Egil Eiksund

Nyhende

På parkeringsplassen i Myrvåg står ei gruppe oransjekledde folk og et is. På avstand kan fargen minne om tangotrøyene til AaFK, men kjem du nærare avslører logoen at det er politikarar frå eit av landets yngste parti som er på reise.