Lesarbrev

Hjorteforvaltinga endå ein gong

ILLUSTRASJON: Foto Johnny Larsen. 

Nyhende

Eg viser til brev frå Viltnemnda om korleis dei vurderer situasjonen for hjorteforvaltinga no og framover. Eg viser også til det svaret Herøy kommune gav til Herøy Senterparti om same spørsmål for kort tid sidan. Svara er nyttige og gav meg mykje informasjon. Dette betyr ikkje at eg er samd i alt det dei framfører. Som grunneigar vil eg kort påpeike fylgjande:

Medverknad og innsyn frå grunneigarane i forvaltninga.

Nemnda imøtekjem ynsket om at ein får arrangert eit møte med grunneigarane. Det vore antyda «kanskje vinteren 22». Dette blir feil for meg. Det kan ikkje vere så vanskeleg å få arrangert eit slikt møte så snart smittesituasjonen tillèt det. Mao. på seinsommar/tidleg haust. Grunneigarane må no få kome til orde før «systemet» ferdigsnekrar rammene for neste reguleringsbolk som vel blir perioden 2022–2024. Om nødvendig må kommunen sjå til at eit slik møte vert avvikla snarast råd.

Effektiv forvaltning av vedtekne kvotar av storvalda.

Ved sidan av spørsmålet om graden av uttak er stor nok med den veksten ein openbert har i bestanden, må eit første bod vere å få opp effektiviteten i det å ta ut dei vedtekne kvotane. Dagens modell er ein defensiv modell som gir eit løpande etterslep av dyr som burde vore tekne ut pågåande sesong i planperioden. Dette betyr at desse overskotsdyra, er i systemet og heilt unødvendig forårsakar problem for omgivnadane i ein ekstra årssyklus.


– Hjorten er ikkje lenger lettskremd

Sande kommune ber fylkeskommunen om å setje opp fareskilt for hjort.


Her bør modellen endrast slik at ein i slutten av pågåande sesong opnar opp for jakt på restkvoten til storvaldet. Ei form for «overregulering» av løyve er ein slik modell – der ein kan saldere på neste års totalkvote – og at ein brukar lokalkunnskap i dei enkelte valda der det er mykje dyr. I denne perioden må omsynet til å ta ut dyr vege tyngre enn finfordeling mellom bygdelaga.

Tiltak i innmark og hagar

Eg synest at Herøy kommune tonar vel mykje ned utfordringane hageeigarar og andre har med beiting frå hjorten og dei plagene det medfører. Det er hagane som må tilpassast den store hjortebestanden og ikkje omvendt, slik eg forstår svaret. I praksis betyr det diverre at ein må kutte ut frukttre og andre nyttevekstar. Hjorten likar mykje av det vi likar.


– Hjorteproblemet vert bagatellisert!

Gardbrukar Torleiv Storegjerde meiner det er som «bukken og havresekken» når Bjarte Rovde uttalar seg om utviklinga i den lokale hjortebestanden.


Og så var det flåtten

I svara blir hjorten si rolle i utbreiinga av flått nedtona. Det er «miljøendringar» i form av klima og utvikling av kulturlandskap som er viktigaste faktoren, og det kan ein lite gjere med om eg forstår dette rett.


Jamn vekst i hjortestammen: Her kan dei auke avskytinga

Årets hjorteteljing stadfestar inntrykket av at hjortestammen på Ytre Søre er sterkt veksande.


Eg har prøvd å lese meg opp på faglitteratur om temaet og kjem til ein annan konklusjon. Særleg ein artikkel kalla «Hjortedyra, Flåtten og Folkehelsa» av Bjørn Ytrehus får ein ei mykje meir grundig og nyansert analyse av dette spørsmålet. Mengda av hjort i eit område er viktig for omfanget av flåtten. Han viser også til at sjølv om det er påvist lite sjukdom frå flått som kjem direkte frå hjorten treng ikkje det å bety at flåtten i eit område ikkje kan utvikle seg til å i andre omgang forårsake det. Han peikar også på plaga flått er for husdyr og kjeledyr (hund og sau t.d.). Verkemiddelet er å ta ned betydeleg storleiken på hjortestamma lokalt.

Mi klare oppfordring er å få til samrådingsmøte så raskt som praktisk mogleg slik at ein får snakka saman og etter det justere kurs.

Paul-Gustav Remøy