Høg kraftpris gav god start på året for Tussa

Tussa har fått ein mykje betre start på 2021 enn tilfellet var i fjor.

Tussa-sjefen: Elling Dybdal kan gle seg over gode resultat så langt i 2021. Ørsta og Herøy er dei to største eigarkommunane i selskapet.  Foto: Tussa

Nyhende

Tussa hadde eit driftsresultat på 84,5 millionar kroner og eit resultat før skatt på 93,1 mill. kroner etter fyrste tertial. Dette er auke i driftsresultatet på 24,3 mill. kroner samanlikna med same periode i fjor.