Runar (13) sprang 60 meter på 8,34 sekund:

Første kretsmeister på 20 år

Ikkje berre sette Runar Soriano Ervik (13) personleg rekord – han vann KM i Molde og vart dermed Moltustranda IL sin første kretsmeister på over 20 år.

Runar Soriano Ervik: 13-åringen frå Moltu er skikkeleg rask. Bildet er frå TINE-stafetten til Moltu skule i mai.   Foto: Arkiv: Josefine Spiro

Nyhende

Laurdag reiste Runar og trenaren hans til KM i Molde med eitt mål for auge; å gjere sitt beste.

– Om Runar klarte det, visste vi at det kunne halde til siger, skriv Roar Arnesen i Moltustranda IL i ein kommentar til Vestlandsnytt.

Og det gjorde det. Den raske 13-åringen frå Moltu trefte perfekt på startblokken på 60 m. Det vart ny personleg rekord med 8,34 sekund, og sigeren var i boks.

Gull: Runar på pallen saman med Jonatan Hovden Ryste (sølv, Ørsta IL) og Daniel Albertsen (bronse, Ålesund FIK).   Foto: Privat

– Eg trudde eg kom til å vinne, for det sa trenaren min. Men jau, det er gøy å kunne kalle seg kretsmeister, seier Runar.

Trenar mykje på eiga hand

Tittelen kjem på ingen måte gratis. Runar trener meir enn dei fleste andre friidrettsutøvarane i idrettslaget.

– Vi har trening to gongar i veka, men det er for lite i forhold til det eg treng. Difor brukar vennene mine og eg å dra til Munkvoll stadion for å trene ein del ekstra, fortel han.

Men så er han også den einaste i klubben som verkeleg er interessert i å konkurrere.

Runar: Det er ein lovande trettenåring Moltu IL har i sine rekkjer.  Foto: Privat

– Men eg har iallfall ikkje tenkt til å slutte, seier Runar, som også nyleg vann gull på 60 m G13 og sølv på lengde G13 under Dimnaleikane på Høddvoll stadion. Eigentleg skulle han også vere med på lengde i KM i Molde, men valde å trekke seg på grunn av ein vel spent mage som skapte problem.

Stolt pappa

Vi har både Runar og faren hans, Rune Jostein Moltu Ervik, på tråden denne måndag ettermiddagen, og det er heilt tydeleg at pappa er stolt.

– Ja, det er det klart at eg er. Det er stort å fare heile vegen til Molde for å delta i KM, og då er det veldig greitt når han vinn finalen, seier Rune og humrar i telefonen.