Statsministeren på helgetur til Møre og Romsdal:

Søndag kjem Erna til Herøy!

På søndag kjem statsminister Erna Solberg (H) til Fosnavåg. Ho skal mellom anna innom ringnotfartøyet Eros, og treffe lokalt næringsliv på Havila.

Til Herøy: Søndag kjem Erna Solberg til Fosnavåg.  Foto: Arkiv: Josefine Spiro

Nyhende

Statsministeren skal på ein aldri så liten turné i fylket denne helga. Ho startar i Molde på laurdagen, der ho skal setje spada i jorda for det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal på Hjelset like aust for Molde sentrum.