Sande kommunestyre gjorde opp status:

Folketalsutvikling og sjukefråvær store utfordringar

Fleire drog fram demografiske trekk og sjukefråvær då kommunestyret i Sande gjekk gjennom årsmeldinga og rekneskapen for 2020.

Sande kommunestyre: Frå møtet sist tysdag, som av pandemi-omsyn vart halde i samlingshuset Breidablik. Sjukefråværet i dei kommunale einingane enda i fjor på over 11 prosent, ei sak som opptek mange av dei folkevalde.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

– Når eg tek meg ein tur til Ulsteinvik og møter gamle kjende, spør eg korleis dei har det. Då kan dei fortelje at dei har budd der i fleire år. Vi har jammen eit Sandetun i Ulstein også, men då nede ved sjøkanten.