Rask levering av ny legeplan hausta skryt frå formannskapet i Herøy:

– Skikkeleg god innsats

Herøy har fått utarbeidd ein heilt ny legeplan, og det på rekordtid. Bortsett ei enkel formulering hadde ikkje politikarane mykje å utsette på arbeidet.

Trond Arne Ag­len: Kom­mu­ne­di­rek­tø­ren og lei­a­ren i sty­rings­grup­pa som har stått bak utarbeidinga av lege­pla­nen, tak­ka lo­kal­po­li­ti­ka­ra­ne for til­ba­ke­mel­din­ga­ne. Han rosa el­les inn­sat­sen til alle som har vore in­vol­vert i utarbeidinga av planen som ein no hå­par skal sik­re sta­bi­le fast­le­ge­ord­nin­gar i Her­øy.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Herøy kommunestyre gjorde så seint som i februar vedtak om å starte arbeidet med ein legeplan basert på dagens legesenterstruktur. Sidan då har kommunedirektør Trond Arne Aglen vore leiar av ei styringsgruppe, som no på imponerande kort tid har lagt fram planen til slutthandsaming – etter revidering basert på innkomne høyringsutspel. I temaplanen som no ligg føre er målet å ta omsyn til endringane og dei auka krava i legetenesta. Planen inneheld forslag om tiltak for å sikre befolkninga ei god og stabil legeteneste i kommunen. Det er lagt fram ein handlingsplan for legetenesta i elleve punkt i prioritert rekkefølgje.