Saka om Bergsøy skule Borga:

Kommunedirektøren rår til å bruke Borga ut 2021

Kommunedirektøren i Herøy Trond Arne Aglen vurderer det som forsvarleg å dispensere for skuledrift på Bergsøy skule "Borga" ut 2021. Men då må alternative lokalitetar vere på plass.

  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

Det er konklusjonen som kommunedirektøren legg fram for kommunestyret tysdag neste veke. Tilrådinga kjem i kjølvatnet av at kommuneoverlegen i Herøy har råda til at Bergsøy skule, avdeling Borga, vert stengd som skulebygg etter avsluttinga av dette skuleåret, altså etter 18. juni. Det kom fram i ein ny rapport, som kommunedirektør Trond Arne Aglen har bestilt på bakgrunn av at 10-årsdispensasjonen som i 2009 vart gitt for å kunne nytte Borga som skulebygg, no er utgått. Bygget måtte difor formelt vurderast på nytt etter forskrifta.