Dale mellombels sjef i Havila Kystruten

Arne Johan Dale vert konstituert som adm. dir. i Havila Kystruten i sommar.

Mellombels adm. dir: Arne Johan Dale skal leie Havila Kystruten i sommar, før Bent Martini tek til i stillinga.  Foto: Pressefoto

Nyhende

Det kjem fram av ei melding frå selskapet fredag 11. juni. Det er i perioden mellom 14. juni og 9. august Dale skal leie selskapet. Etterpå tek den nytilsette adm. dir. Bent Martini over stillinga.