Blindsporet

Vi har god dekning for å hevde at vi har eit godt utvikla og moderne demokrati. Det er montert mange demokratiske sikkerheitsventilar, slik at Storting og Regjering ikkje skal gjere svært dumme val på vegner av befolkninga. At enkelte politikarar gjer feilvurderingar er menneskeleg, men i dei fleste tilfelle greier politikarane som kollektiv å gjere kloke val.

Vindturbinar: Kronikøren har vanskar med å skjøne logikken i at ein må øydelegge natur for å berge klimaet.  Foto: Arkivfoto

Etter kvart som rike multinasjonale selskap fekk hand om utbygginga av vindkraft på land, strøymde lobbyistane inn i dei politiske korridorane.

Nyhende

Men så fann omgrepet «grønt skifte» sin plass i ordboka vår. Kort fortalt handlar det om å redusere utsleppa av fossilt brensel, og dessutan og oppfylle internasjonale avtaler om utsleppsreduksjon. Det er ei viktig oppgåve, og skiftet går sin gang og har sin eigen dynamikk. Politikarane si oppgåve er å legge til rette for at vi skal nå målet- det krev mange ulike tiltak.