Arild Myrvoll går til Sølvtrans

Han går frå leiarstillinga i Havila Kystruten til å bli Roger Halsebakk sin nye finansdirektør i Sølvtrans.

Arild Myrvoll vert finansdirektør i brønnbåtreiarlaget Sølvtrans. Arkivfoto.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

For ei tid tilbake vart det kjent at Myrvoll hadde sagt opp som adm.dir. i Havila Kystruten, selskapet han har leia sidan 2018. Ikkje lenge etter vart det også kjent at Havila Kystruten har tilsett Bent Martini som ny leiar. Martini har bakgrunn mellom anna frå Hurtigruten.