Plan for opprydding på industritomt

Sande kommune har vore på ei ny synfaring der miljø er nøkkelord.

Breivik: Synfaringa gjekk ifylgje referatet i hovudsak føre seg på den austlege delen, ved Sponga-innsjøen.  Foto: googlemaps

Nyhende

Av eit referat frå teknisk etat kjem det fram ein status rundt oppryddinga som er på gang på arealet tilhøyrande Breivik Eigedomsselskap AS.

Synfaringa vart halden 20. april, der folk frå kommunen og bedrifta var til stades.

I området der det tidlegare var oppdrettsanlegg for kveite, ligg det ein del utstyr ute i naturen. Bedrifta har eit system for kjeldesortering der ulike materialar vert samla kvar for seg. Det er allereie levert konteinarar med avfall frå staden.

Kommunen nemner konkret i referatet fleire PE-rør som ligg i terrenget, og nokre har vore nytta til drenering. Noko skal også seljast.

Reint tremateriale var samla, og låg i ein haug. Desse skal brennast ved høve. Trykkimpregnert tre var samla i ein annan haug, og skulle leverast til godkjent mottak.

I området vart det også gjort funn av nokre limtre-dragarar som nokon annan hadde fått lov til å lagre på plassen, og så hadde det blitt gløymt.

– Ein har ein plan for sortering, sal og levering av ulike materialar. Arbeidet vil gå føre seg jamt framover, heiter det frå synfaringa. Kommunen gav elles råd om å samle dei ulike gjenstandane på eit mindre område, og varslar at ein ynskjer å kome tilbake på ny synfaring i september i år.