Kommuneoverlegen melder om eit nytt koronatilfelle

I Sande vert 11 personar testa for koronasmitte torsdag ettermiddag.

Smittetilfelle i Sande Koronavirus illustrasjon:   Foto: Gerd Altmann/Pixabay

Nyhende

Bakgrunnen er at det er registert eit nytt smittetilfelle. Det er nærkontaktar og arbeidskollegaer av vedkomande som no vert testa. Kollegaene tilhøyrer eit leigefirma, opplyser kommunen.

Kommuneoverlegen melder at smittesporingsarbeidet er oversiktleg.

- Leigefirmaet har oppdrag i ei nabokommune, og involverte der er kontakta og informerte, heiter det frå Sande kommune.


Sande med mest og Herøy med minst koronasmitte på Søre

Målt etter innbyggartal er det den minste kommunen på Søre Sunnmøre, Sande, som har hatt flest tilfelle av korona. Herøy har hatt færrast.