Imponerande på Nerlandsøya

– Kystlyngheiane på Nerlandsøy vil forhåpentlegvis gå ei sikrare framtid i møte, og eg er veldig imponert over tiltaket som grunneigarane her har sett i gang.

Kystlyng: Forskingsleiar Liv Guri Valle meiner grunneigarane på Nerlandsøy gjer ein imponerande innsats med å tilbakeføre det gamle kystlandskapet på øya.  Foto: Privat

Nyhende

Slik vil forskar Liv Guri Valle kommentere det storstilte kulturlandskapsarbeidet som grunneigarlaga på Nerlandsøy no er i gang med. Heile beltet av sitkagran, frå Koparstad i vest til Teige i aust, skal takast ut for å gjenopprette det gamle kulturlandskapet med kystlynghei på øya.