Gapahuken i Fosnavågparken:

Ordførar opna gapahuk med sag

Den tradisjonelle snorklippinga var byta ut med sag og planke i Fosnavågparken onsdag då byggfag-elevane ved Herøy VGS endeleg kunne overrekke gapahuken til kommunen.

Opna for publikum: Gapahuken i Fosnavåg sentrum.  Foto: Geir Egil Eiksund

Nyhende

- Tusen takk for arbeidet de har lagt ned. Vi i kommunen set stor pris på dette. Arbeidet dykkar har spart Herøy kommune for ein god del pengar, men samtidig håper eg at dette prosjektet har ført til at de har lært ein god del, sa ordførar Bjørn Prytz i opningstala.