Samferdsleutvalet tilrår totalentreprise for Nerlandsøybrua - går mot usetting åtvarar Bjarne Kvalsvik:

- No går toget!

Bjarne Kvalsvik (UVS) manar til lokalpolitisk dugnad for Nerlandsøybrua etter at eit knapt fleirtal i samferdselsutvalet onsdag har tilrådd å endre entrepriseforma for brubyggingsprosjektet.

Bjarne Kvalsvik: Uavhengig valliste for Sunnmøre ved Bjarne Kvalsvik sluttar seg til fylkeskommunedirektøren sine vurderingar om at endring av entreprisefom vil føre til utsetting av brubygginga..   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– Det var med knappast mogleg fleirtal, så det kan snu, men då er det heilt avgjerande at vi no gjer ein innsats frå Herøy før Fylkestinget skal fatte endeleg vedtak neste onsdag. No går toget! Gjer ikkje lokalpolitikarane ein dugnadsinnsats opp mot sine respektive parti no så risikerer vi over eitt års utsetting av bruprosjektet.