Sande med stor undersøking mellom innbyggarane

Sande kommune vil vite kva folk meiner. Kva er bra? Kva er dårleg? Kva bør kommunen prioritere?

Olav Myklebust: Sp-ordføraren fortel at undersøkinga vert gjort tilgjengeleg også på polsk og litauisk, for å få med så mange som mogleg.  Foto: Endre Vorren/arkiv

Nyhende

– Etter mine opplysingar er det den mest omfattande innbyggarundersøkinga i Sande nokon gong. Målet er sjølvsagt at flest mogleg svarar, slik at vi kan nytte signala frå folket konstruktivt og bra, seier ordførar Olav Myklebust.