Utvalet sikra fullfinansering av jektenaustet:

Så fort kan dei starte på bygginga

Finansieringa av naust til Sunnmørsjekta er sikra med eit tilskot frå Herøy kommune sine RDA-midlar på 1,5 mill. kroner.

finansiert: Med 1,5 millionar kroner av RDA-midlane er naustet til Sunnmørsjekta «Anna Olava» sikra. No kan bygginga truleg starte neste år. Skisse: Sporstøl Arkitekter 

Nyhende

Tilskotet frå RDA-midlane skal erstatte pengane som glapp då fylkeskommunen trekte tilbake si tidlegare løyving på ein tilsvarande sum til jektenaustet. Tilbaketrekkinga av det fylkeskommunale tilskotet skjedde etter at Herøy kommune valde å ikkje inngå ny samarbeidsavtale med stiftinga Musea på Sunnmøre.