Inger-Lise Lillerovde har designa kafé på Moa:

– Ei veldig kjekk moglegheit

Inger-Lise Lillerovde har stått for designen av Racoon Coffee & More på AMFI Moa i Ålesund.

In­ger-Lise Lil­le­rov­de: In­te­ri­ør­de­sig­na­ren frå Her­øy står bak kon­sept­ut­vik­lin­ga av ka­fe­en Racoon Cof­fee på kjø­pe­sen­te­ret AMFI Moa i Åle­sund, som et­ter pla­nen skal opne laur­dag 9. juni. I in­te­ri­ø­ret finn vi mel­lom anna bi­let­kunst av den nors­ke foto­kunst­na­ren, Jan­nec­ke Sanne Normann.  Foto: Privat

Nyhende

Vi har oppdaga nyheita om det siste prosjektet til interiørdesignaren frå Herøy gjennom hennar eigen Instagram-kanal, @ingerliselille, som i skrivande stund har 148.000 fylgjarar. Inger-Lise har aldri marknadsført seg sjølv på nokon annan måte, og det var faktisk Instagram som gjorde at ho torde å satse på interiørdesign for fleire år sidan.