Sommarkonsert med Cervix Vocales

MYRVÅG: Glade bebuarar ved Myrvåg omsorgssenter blir underheldt av Cervix Vocales. 

Nyhende

Etter mange månader der vi, som alle andre kor, ikkje har fått møtest for å synge, var det glade damer som sist tysdag fekk halde sommarkonsertar på begge omsorgs-sentera i Herøy.

Sparebanken Møre annonserte for nokre veker sidan at dei hadde sett av midlar for å stimulere musikklivet til å prøve å halde konsertar. Sidan det på det tidspunktet vart løfta litt på Korona-restriksjonane, klarte vi å samle halve koret i gongen. Med nøye oppmålt avstand og utstyrte med rikeleg med Antibac, møttest vi, og fekk stabla på beina eit program til ein liten, utandørs sommarkonsert.

Konsertdagen kom med varmt og vakkert sommarvêr, og bebuarane på omsorgs-sentera var blide og glade i ettermiddagssola då vi kom. Konsertane var sett saman av korsong, allsong og innslag frå kormedlemmer og dirigent, og både songarane og bebuarane var glade for endeleg å få møtest og dele gleda over musikken att.

Vi i Cervix Vocales er takksame for endeleg å få synge konsert att. Stor takk til Sparebanken Møre!