Skuledag utanom det vanlege for småtrinnet ved Moltu skule:

På jakt etter norrøn magi

Onsdag morgon tok småtrinnet ved Moltu skule turen til øya Herøy. Der venta forteljar Guri Aasen med «Eventyrkista».

Forteljarstund: Guri Aasen fortel historier frå norrøn mytologi til elevane frå Moltu skule. Her med hornet frå ein ver.   Foto: Geir Egil Eiksund

Nyhende

I ein bakke framføre eit tre som for dagen har fått namn etter verdstreet Yggdrasil, sit 17 elevar frå Moltu skule og fylgjer med. Forteljar Guri Aasen er midt i historia om Tor på jakt etter Midgardsormen.