Tida går:

Kanon-jubel

I januar 1725 la det nederlandske handelsskipet Akerendam ut frå øya Texel med kurs for Batavia, det som i dag vert kalla Djakarta.

AKERENDAM-KANON: Herøy Dykkerklubb og gode medhjelparar hadde all grunn til å juble då oppdraget med å ta opp kanonen frå havbotnen var gjort. På biletet, som er frå mai 1977, ser vi, frå venstre, Lisbeth Endresen Thorseth, Hans Jakob Runde, ukjend, Jørgen Løseth, Atle Kvalsvik, Arthur Westbø, Roald Sporstøl, Eldbjørg Seljeset, Norvald Igesund, ukjend, Ivar Seljeset og Bjarne Sporstøl.  Foto: Harald Thorseth

Eit par rykk – og kanonen var laus. Sakte, men sikkert vart kanonen dregen opp til overflata – 252 år etter forliset.

Nyhende

Sjølv om Akerendam var eit fredeleg handelsskip, var det likevel førti kanonar om bord. I alle farvatn låg det sjørøvarar på lur. Utan kanonar var skipet eit lett bytte.