Roger Kvalsvik med tydelege svar frå Herøy si rehabiliteringsteneste:

– Mange avvik på ergoterapi

Herøy kommunestyre godkjende førre veke kommunen sin temaplan for habilitering og rehabilitering. Under handsaminga vart fleire utfordringar knytt til den lokale rehabiliteringstenesta løfta fram.

Roger Kvalsvik: Seksjonsleiaren for rehabilitering i Herøy meinte at ein har kome fram til ein gjennomarbeidd og lovleg plan for habilitering og rehabilitering lokalt. Likevel er her avvik når det kjem til ergoterapi, og det blir viktig med økonomiske ressursar om ein skal styrke og følgje opp tiltaka som vert skissert i plandokumentet, påpeika han.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Birgitte Sævik Pedersen (KrF) meinte planen var grundig utarbeidd og at den «viser veg for framtida». Ho helsa tanken om eit tverrfagleg rehabiliteringsteam, og behovet for samlokalisert kompetanse velkommen. Av utfordringar peika Sævik Pedersen på «Bu og habilitering».