Slik vil dei rekruttere fleire støttekontaktar til Herøy

Meir individuell brukartilpassing og dekka kilometergodtgjersle er tiltak som fleirtalet i Herøy kommunestyret håpar vil vere med på å løyse rekrutteringsutfordringa for støttekontakttenesta i kommunen. Dei vil også sjå nærmare på heilskapen i ordninga.

Bir­git­te Sævik Pedersen: KrF-po­li­ti­ka­ren frem­ja for­sla­get som fleir­ta­let til slutt samla seg om. Ho sa sam­stun­des at hel­se og om­sorgs­ut­va­let no vil be­stil­le ei sak der ein ser meir på heil­ska­pen i støt­te­kon­takt­ord­nin­ga. Ut­ford­rin­ga dei ønskjer å sva­re ute er kor­leis rek­rut­te­re flei­re støt­te­kon­tak­tar i kom­mu­nen.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Som kjent opplever helse og omsorg i Herøy utfordringar knytt til å rekruttere og behalde støttekontaktar. Den restriktive praksisen knytt til godtgjering av køyreutgifter, vert lyfta fram som ein av faktorane politikarane må svare ut. I Herøy har praksisen til no vore at støttekontaktar får kompensert for køyring frå heim til brukar, til næraste sentrum, ein gong per månad.