Søkjer konsulenthjelp i deponisaka

Herøy kommune har funne å måtte søkje konsulenthjelp i den fastlåste deponisaka.

Fosnavåg hamn  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik (arkivfoto)

Nyhende

Etter mange års arbeid står Herøy kommune framleis utan ein akseptabel lokalitet for mudringsmassane frå Fosnavåg hamn. Difor går kommunen no ut og søkjer eksperthjelp og har bede tre firma kome med tilbod på analyse av deponilokalitetar.