Det spring aspirantar rundt i skogen ved Larsnes skule:

Elevane har blitt Kompani Larsnes

I skogen nedanfor Larsnes skule er det full aktivitet denne veka. Men det er ikkje elevar ein kan høyre mellom trestammene. Det er aspirantar. Velkomen til Kompani Larsnes.

Oppstilt: Elevane i 3. og 4. klasse ved Larsnes skule har blitt Kompani Larsnes denne veka.  Foto: Malene Hatløy

Nyhende

Veke 22 er inga vanleg skuleveke for 3.- og 4. klassingane ved Larsnes skule. Fleire av dei går kledd i kamuflasjeantrekk, og vanlege lekser er byta ut med utstyrslister dei må ha med neste dag.