Herøy formannskap med utfordrande traseval til ny fylkesveg til Kvalsvika:

Ber om nytt alternativ

Lokalpolitikarane i Herøy formannskap kunne ikkje stille seg bak nokon av dei framlagde skissealternativa til ny fylkesveg til Kvalsvik. Etter ei synfaring bad dei heller om eit nytt alternativ til vegtrase.

Spon­tan­syn­fa­ring: Det stod ik­kje på pro­gram­met, men lo­kal­po­li­ti­ka­ra­ne mein­te det var lurt å rei­se til Ner­lands­øya for å få eit bi­le­te på kor­leis dei uli­ke veg­tra­se-skis­se­ne vil­le sjå ut i land­ska­pet. Kom­mu­ne­ad­mi­nist­ra­sjo­nen, ved kom­mu­ne­di­rek­tør Trond Arne Ag­len og saks­hand­sa­ma­ra­ne Ole Mag­ne Ro­te­vatn og Ve­gard Ose Vel­le, tok ut­ford­rin­ga på strak arm og syt­te for ei nyt­tig ori­en­te­ring over­for dei fol­ke­val­de om kor­leis dei uli­ke al­ter­na­ti­va er tenkt.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Då vegtrasevalet var oppe til handsaming tysdag, tok Bjarne Kvalsvik (Folkelista) til orde for at lokalpolitikarane burde reise ut på Teigeneset for å sjå med eigne auge korleis tilhøva er, før ein gjorde eit val.