Store satsingar - med store ringverknader

MMC First Process og Sølvtrans: Petter Leon Fauske og Roger Halsebakk stadfestar kjempeavtalen med eit "korona-handtrykk".  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

I dagens avis fortel vi om to større lokale satsingar og kontraktar som er teikna med lokale selskap. Dei har ein del likskapstrekk. Begge handlar om akvakultur, og i begge tilfella snakkar vi om hundrevis av millionar kroner som skal skifte hender. Dessutan gjeld det bedrifter som treng meir folk og må gire opp produksjonen sin kraftig.

Brimer Servitech, ein del av Entec-konsernet, har landa sin kanskje største enkeltkontrakt nokon gong. Det gjeld leveransen av 28 enorme tankar der det skal føregå landbasert lakseoppdrett. Staden er Bulandet, litt lenger sør på kysten.


Brimer Servitech håva i land kjempekontrakt

- Dette er mellom dei største, om ikkje den største, enkeltkontrakten Brimer har landa nokonsinne.


Kontrakten vil føre til endå meir aktivitet i Brimer sitt hjarte, nemleg produksjonsanlegget på Kvamsøya. Dette er kjempegodt nytt, både for Kvamsøya og Sande. Og det er veldig viktig for konsernet, med hovudkontor i Ulsteinvik.

Torsdag kom meldinga om endå ein svær stor kontrakt med lokalt tilsnitt. Denne gongen mellom MMC First Process og Sølvtrans. MMC har levert til Sølvtrans i mange år, men no slår ein like godt fast at det delvis Herøy-baserte selskapet skal levere utstyr til heile 19 brønnbåtar!


MMC skal levere utstyr til 19 nye brønnbåtar:

MMC og Sølvtrans med milliardavtale

19 nye brønnbåtar til Sølvtrans gir milliardleveranse for MMC First Process.


For MMC First Process utgjer kontrakten ein verdi på rundt éin milliard kroner. Ein utruleg viktig kontrakt som vil gje grunnlag for vidare vekst på Mjølstaneset. Også her blir det svært interessant å fylgje utviklinga vidare.

At veksten i oppdrettsnæringa gir store ringverknader, er ikkje nytt. Sjå berre på Mowi sitt slakteanlegg på Eggesbønes, der vi fortel om spanande nysatsingar som er på gang. Sjå også på ringverknadene havbruk fører til for verfta på Larsnes og i Gursken, reiselivssatsinga på Sandsøya og mange andre lokale knoppskytingar der oppdrettsnæringa er ein fellesnemnar.


Eige anlegg for mjøl og olje:

Mowi vurderer storutbygging på Eggesbønes

Mowi vurderer å vidareutvikle produksjonen med etablering av prosessfabrikk ved selskapet sitt hovudslakteri for Nordvestlandet på Eggesbønes.