Positive til søndagsopne butikkar

Herøy kommunestyre ønskjer at Fosnavåg skal bli «typisk turiststad».

Karl-Oskar Sævik: Det var Frp, ved gruppeleiar Karl-Oskar Sævik, som tok initiativet til vedtaket.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Det vedtok dei under kommunestyremøtet førre torsdag. Forslaget vart fremja av Karl-Oskar Sævik (Frp) i ein interpellasjon. Ordførar Bjørn Prytz (Ap) svara positivt til initiativet og hadde på førehand vore i kontakt med Havlandet som har signalisert at dei ønskjer å bidra i søknadsprosessen.